Veiviser til HMS-regelverket

Maskiner og tryggingskomponentar

Som produsent skal du sørgje for at maskiner og tryggingskomponentar blir konstruerte og bygde slik at arbeidstakarar og forbrukarar er verna mot skadar på liv og helse og ikkje blir utsette for uheldige belastningar.
Som produsent skal du sørge for at maskiner og sikkerhetskomponenter konstrueres og bygges slik at arbeidstakere og forbrukere er vernet mot skader på liv og helse og ikke blir utsatt for uheldige belastninger.

Konstruksjon

Maskina skal konstruerast slik at ho er sikker å bruke for dei bruksområda produsenten har føresett. Reglane er altså i all hovudsak bygde opp med funksjonskrav. Det inneber ein viss fridom når det gjeld val av tekniske løysingar.

I bruksrettleiinga skal alle relevante opplysningar for alle bruksområde takast med.

Maskiner og tryggingskomponentar som blir konstruerte og bygde for sal, og skal takast i bruk, skal oppfylle alle aktuelle krav i maskinforskrifta.

Som produsent av maskiner skal du primært fjerne eller redusere farar så godt som mogleg, slik at maskiner i størst mogleg grad er sikre i seg sjølve. Dersom dette ikkje er mogleg, skal du setje i verk nødvendige vernetiltak mot farar som ikkje lèt seg fjerne, og informere brukarar om farar som er til stades også etter at vernetiltak er sette i verk. Du skal gi informasjon om påkravd spesialopplæring og nødvendig bruk av personleg verneutstyr.

Merking

Maskiner skal merkjast tydeleg og varig med namn og adresse på produsenten, CE-merking, serie- og typenemning, eventuelt serienummer, byggjeår, om maskina er berekna for bruk i eksplosjonsfarleg atmosfære, nødvendige opplysningar for trygg bruk og berekna masse for maskindelar som må handterast med løfteinnretning. Utskiftbart utstyr skal vere forsynt med tilsvarande opplysningar. Merkinga skal vere på norsk.

Produsenten skal påføre CE-merke på alle maskiner som kan fungere sjølvstendig som maskiner. Dersom maskiner også er regulerte av tryggleiksføresegner og krav om CE-merking i anna regelverk, skal CE-merkinga stadfeste at alle krav er oppfylte.

Samsvarsvurdering
Maskiner og tryggingskomponentar skal ikkje leggjast ut for sal eller takast i bruk for første gong før føresegnene om samsvarsvurdering er gjennomførte. Samsvarsvurderinga skal stadfeste at maskiner og tryggingskomponentar oppfyller krava i maskinforskrifta.

For nærare angitte kategoriar av maskiner og tryggingskomponentar som ikkje, eller berre delvis, er konstruerte og bygde i samsvar med harmonisert standard, skal produsenten eller ein representant for produsenten anten gjennomføre prosedyre for EF-typeprøving og prosedyre for samsvarsvurdering med intern produksjonskontroll eller prosedyre for full kvalitetssikring.

For nærare angitte maskiner og tryggingskomponentar som er konstruerte og bygde i samsvar med harmoniserte standardar, kan produsenten eller ein representant for produsenten, i tillegg til dei to alternative prosedyrane som er nemnde over, også velje å gjennomføre prosedyre for samsvarsvurdering med intern produksjonskontroll.

Tilleggskrav

Det er tilleggskrav for kategoriar av maskiner med auka risiko, for maskiner med auka risiko på grunn av rørsler eller løfteoperasjonar og bruk under jord.

Unntak frå maskinforskrifta

For dei maskinene som er unnatekne fråforskrifta etter § 1 nummer 2, følgjer produktkrava av anna regelverk. Til dømes følgjer produktkrava for traktorar av forskrift om traktorer.

Maskinforskrifta kan komme til bruk på desse produkta dersom ein aktuell fare ved maskina ikkje er dekt opp av dei andre regelverka.

Publikasjoner

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap