Veiviser til HMS-regelverket

Brannsløkkingsapparat

Som produsent eller importør av brannsløkkingsapparat, er du ansvarleg for at apparata er formålstenlege, og at dei fyller dei nødvendige krava til tryggleik.

 
Handsløkkjarar som skal seljast i Noreg, må typegodkjennast av eit godkjent sertifiseringsorgan. Sertifisering skjer etter norsk standard NS-EN 3, basert på europeisk standard for handsløkkjarar. Apparata skal ha påført eit godkjenningsnummer.

I tillegg er det stilt krav til produsenten om eigenkontroll. Med kvart apparat skal det følgje eit rettleiingshefte på norsk, med opplysningar om verkemåte, type brannar, sløkkjemetode, plassering og vedlikehald. Viktige opplysningar skal også gå fram av etiketten på apparatet.

Behaldaren til handsløkkjaren er omfatta av reglar for trykkpåkjent utstyr og krav om CE-merking, men utan at CE-merket dekkjer handsløkkjaren fullstendig.

Desse brannklassane blir nytta for handsløkkjarar:

- Klasse A: mot brann i faste organiske materiale som tre, papir, tekstilar etc.

- Klasse B: mot brann i væsker som bensin, olje, lakk, måling etc.

- Klasse C: mot brann i gassar som propan, butan, metan etc.

- Klasse D: mot brann i metall (lite brukt)

- Klasse F: mot brann i matoljar

Vasssløkkjarar er i klasse A, skumsløkkjarar i klasse AB, pulversløkkjarar i klasse ABC eller BC,, CO2-sløkkjarar i klasse B og spesialsløkkjarar mot brann i matoljar i klasse AF.

Alle handsløkkjarar, bortsett frå dei vassbaserte, er funksjonsdyktige mellom –30 °C og + 60 °C. Vassbaserte sløkkjarar skal merkjast med dei aktuelle funksjonstemperaturane til apparatet.

På apparatet skal det vere opplyst om kva slags bruk apparatet eignar seg til, avgrensa bruk eller forbod mot bruk av handsløkkjarar i samband med elektriske anlegg.

Regelverket blir forvalta sentralt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), medan Nemko AS og Det Norske Veritas AS tek hand om sertifiseringsordninga.

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap