Veiviser til HMS-regelverket

Aktsemdsplikt – forbrukartenester

Som eigar, leiar eller sysselsett i ei verksemd som tilbyr forbrukartenester, må du vise aktsemd og førebyggje at forbrukartenesta eller produktet som inngår i tenesta, fører til helseskade.

Aktsemdsplikta gjeld den utoverretta tilrettelegginga av tenesta. Som tilbydar av ei forbrukarteneste skal du opptre slik forbrukarane ut frå alminnelege føresetnader rimeleg kan vente.
 

Kven har ansvar for kva?

Eigaren/leiaren har eit overordna ansvar for marknadsføring, gjennomføring og heilskapleg tilrettelegging. Andre sysselsette har aktsemdsplikt knytt til eigne arbeidsområde, og må ha tilstrekkeleg opplæring.

Krava gjeld òg for frivillige organisasjonar som yter tenester, og uavhengig av om det tenesta er betalt eller ikkje.

Kva omfattar aktsemdsplikta?

Aktsemdsplikta gjeld for personleg verneutstyr (PVU) og andre produkt som verksemda tilbyr som ein del av forbrukartenesta. Dette kan til dømes vere hjelmar, leddbeskyttarar, alpinutstyr, leikeplassutstyr, rullebrett/rampar, trampolinar og andre sports- og fritidsprodukt. Du skal vurdere om produkta du tilbyr, er trygge og sørgje for ettersyn og vedlikehald for å halde oppe tilstrekkeleg tryggleik.
 

Kunnskapsplikt

Den som eig eller leiar ei verksemd som tilbyr forbrukartenester, har plikt til å skaffe seg nødvendig kunnskap for å kunne vurdere faren for helseskade. Kunnskapsplikta inneber at du skal ha spesialkunnskapar om tenesta og om risiko knytt til henne. 
 

Informasjonsplikt

Den som eig eller leiar ei verksemd som tilbyr forbrukartenester, har plikt til å gi brukarane av tenesta tilstrekkeleg og relevant informasjon, slik at dei er i stand til å vurdere tryggleiken ved tenesta. Informasjonen skal vere tydeleg, lett tilgjengeleg og tilpassa dei behova brukaren har.

I praksis kan du gi slik informasjon gjennom instruksjonar og demonstrasjonar før og medan forbrukartenesta blir utført.

Informasjonsplikta kjem i tillegg til andre tiltak du må setje i verk. Du har altså plikt til å førebyggje farar og helseskade sjølv om du informerer godt om risikoen ved tenesta.

Publikasjoner

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap