Veiviser til regelverk for virksomheter

Brannvern - den enkelte si plikt

Alle pliktar å opptre aktsamt for å førebyggje brann, eksplosjon og anna ulykke. Arbeid som medfører risiko for brann, krev særskild aktsemd.

Alle pliktar å følgje dei instruksane, beredskapsplanane og internkontrollrutinane som eigaren av brannobjekt eller verksemder har sett opp for brannvernet. Eit brannobjekt er definert som bygning, konstruksjon, område, opplag, anlegg o.a. Kvar og éin pliktar å opptre aktsamt, slik at ein førebyggjer brann, eksplosjon og anna ulykke.

 

Kva må den enkelte gjere?

Ved brann, eksplosjon eller anna ulykke pliktar den enkelte
  • å førebyggje og avgrense skadeverknadene
  • å underrette dei som er utsette for fare, og ved behov varsle nødalarmeringssentralen (det same gjeld ved overhengande fare for ei slik hending)
  • å gjere det som er mogleg for å avgrense skadeverknadene, og delta i rednings- og sløkkjearbeidet til brannvesenet når innsatsleiaren krev det
  • å stille eigedom, bygningar, materiell og eventuelt personell til rådvelde,

Bruk av eld utandørs

Det er forbode å gjere opp eld utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Oppgjord eld må ikkje forlatast før han er fullstendig sløkt. I perioden frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan løyve frå kommunen. Oske, sot og brannfarleg avfall må handterast på ein forsvarleg måte så det ikkje oppstår brann.

Arbeid som medfører risiko for brann

Sveising og andre liknande arbeid som medfører risiko for brann, skal om mogleg gå føre seg på fast arbeidsstad som er særskild innretta for å førebyggje og avgrense brann.

Den som utfører slike arbeid på mellombels arbeidsstad, også taktekking, skal utvise særleg aktsemd og treffe nødvendige førebyggjande tiltak for å unngå brann og tiltak for å kunne sløkkje brann. Sjå òg Arbeidstilsynets krav til varme arbeide.
 
 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet