Midlertidig ansettelse - sport og idrett - Regelhjelp.no

Veiviser til HMS-regelverket

Sport og idrett

Bransjen omfatter drift av idrettsanlegg, drift av idrettslag og klubber, rideskoler, ridestaller, veddeløpsbaner, instruktør- og trenervirksomhet, drift av alpinanlegg, marinaer, skytebaner, motorsportbaner, bowlingbaner m.v.

Mellombels tilsetjing

Arbeidstakarar skal som hovudregel tilsetjast i faste stillingar.

Tilleggsinformasjon for sport og idrett
Avtale om midlertidig ansettelse kan likevel inngås for :
idrettsutøvere, idrettstrenere, dommere og andre ledere innen den organiserte idretten.

Mellombels tilsetjing er arbeidsavtalar som gjeld for eit bestemt tidsrom eller for eit bestemt arbeid som er av forbigåande art. Dersom du skal tilsetje nokon mellombels, må vilkåra for gyldig mellombels tilsetjing vere til stades.

Mellombels tilsetjing er tillate i desse hovudtilfella:

  • når typen arbeid tilseier det og arbeidet skil seg frå det arbeidet som ordinært blir utført i bedrifta
  • sesongarbeid, til dømes innan næringsmiddelindustrien og turistnæringa. Mellombels tilsetjingar for å hauste frukt og bær, guide turistar, vere julenisse i desember eller servere på uterestaurantar om sommaren, vil til dømes vere tillate. Dei ordinære, løpande oppgåvene i bedrifta skal ikkje utførast av mellombels tilsette. Generelle svingingar i marknaden, til dømes ordretilgang, er ikkje tilstrekkeleg grunn til å kunne tilsetje nokon mellombels, men dersom det skulle førekomme uføresette situasjonar som gir kortvarige toppar i arbeidsmengda, vil mellombels tilsetjing for å dekkje opp dette vere i orden.
  • praksisarbeid – opplæring i eit fag
  • vikariat: Det må vikarierast for bestemte personar, til dømes ved sjukdom, ferie eller permisjonar
  • deltakarar i arbeidsmarknadstiltak i regi av eller i samarbeid med arbeidsmarknadsetaten
  • den øvste leiaren i verksemda kan tilsetjast på åremål
  • enkelte stillingar innanfor idretten – idrettsutøvarar, trenarar, dommarar og andre leiarar innan den organiserte idretten
  • arbeid innanfor kunst, forsking eller idrett etter tariffavtale inngått mellom ein landsomfattande arbeidstakarorganisasjon og ein arbeidsgivar

Arbeidstilhøvet tek automatisk slutt når det avtalte tidsrommet er over eller arbeidet er utført, med mindre det er avtalt noko anna.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.