Veiviser til HMS-regelverket

Vurdere tungt og einsformig arbeid – uheldige arbeidsstillingar

Ved planlegging, utforming og utføring av manuelt arbeid skal arbeidsgivaren vurdere tungt og einsformig arbeid og uheldige arbeidsstillingar som kan føre til helseskade. Arbeidsgivaren skal gjennomføre nødvendige tiltak for å fjerne eller redusere førekomsten av belastande og helseskadeleg manuelt arbeid.

Manuelt arbeid skal så langt som mogleg ikkje innebere rørsler eller arbeidsstillingar som kan føre til helseskade. Som arbeidsgivar må du difor sørgje for ei fortløpande vurdering av tilhøve i arbeidsmiljøet som kan føre til muskel- og skjelettlidingar hos arbeidstakarane.

Bedriftshelsetenesta bør brukast aktivt i dette arbeidet og vere med på å finne gode løysingar.

I arbeidet må de stille dykk desse spørsmåla:

  • Har vi arbeidstakarar med muskel- og skjelettlidingar på arbeidsplassen vår?
  • Kva er årsaka?
  • Har vi tidspress på arbeidsplassen vår?
  • Kva kan vi gjere for å betre tilhøva?
  • Kven skal ha ansvaret?
  • Når må dette gjerast, og i kva rekkjefølgje?

Når du som arbeidsgivar skal vurdere årsaker, må dette vurderast:

  • om arbeidsobjektet er for stort, tungt og uhandterleg, og korleis det er plassert og utforma
  • fysiske belastningar, om dei er for store, og om dei fører til vriding i kroppen
  • utforminga av arbeidsmiljøet, som plass til å utføre arbeidsoppgåvene, arbeidshøgd, arbeidsområde, synstilhøve, støy, golv, klima, temperatur og fukt

Arbeidsoppgåvene kan særleg føre til helseskadar dersom dei inneber eitt eller fleire av desse tilhøva:

  • for hyppige, einsformige og langvarige arbeidsoperasjonar som særleg belastar muskel- og skjelettsystemet. Statisk arbeid skal reduserast i størst mogleg grad
  • løfting, senking eller bering over for store avstandar
  • utilstrekkeleg tid til nødvendig kvile eller restitusjon
  • eit arbeidstempo som blir bestemt av ein prosess som arbeidstakaren ikkje kan regulere

Relevante lenker

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet