Veiviser til HMS-regelverket

Vurdere fare for arbeidstakarar knytt til kjemikaliar

Arbeidsgivaren skal kartleggje og dokumentere førekomsten av kjemikaliar og vurdere all risiko for helse og tryggleik hos arbeidstakarane som har samanheng med desse.

Fare eller risiko for helse og tryggleik for arbeidstakarane vil vere ein kombinasjon av fleire faktorar, som

  • kor farleg kjemikalien er
  • om kjemikalien blir teken opp i kroppen, og helseeffektane av dette
  • kor ofte arbeidstakarane er utsette for kjemikalien
  • vernetiltak på arbeidsplassen med meir

Risikovurdering

Ved vurdering av risiko skal du som arbeidsgivar difor særleg ta omsyn til

  • dei farlege eigenskapane ved kjemikaliane
  • tilhøva på arbeidsplassen der kjemikaliane førekjem, til dømes temperatur, ventilasjon, prosesstilpassa avsug og andre vilkår som kan verke inn
  • mengda og korleis kjemikaliane blir brukte
  • om arbeidsprosessane og arbeidsutstyret er formålstenleg
  • kor mange arbeidstakarar ein trur blir utsette for det
  • kva slags eksponering ein reknar med vil følgje av handteringa
  • effekt av iverksette og planlagde førebyggjande tiltak
  • tilfelle av arbeidsrelaterte sjukdommar og skadar, ulykker og tilløp til slike

Tryggleiksdatablad gir informasjon

Informasjonen i tryggleiksdatablada for kjemikaliane og informasjonsblad må nyttast.

Arbeidsgivaren kan søkje hjelp hos nokon i bedriftshelsetenesta som har kompetanse om kjemisk helsefare.

Opplæring

Som arbeidsgivar må du sørgje for at arbeidstakarane får løpande informasjon og opplæring om resultata. Arbeidet skal dokumenterast skriftleg og vere tilgjengeleg for alle i verksemda.

Publikasjoner

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet