Veiviser til HMS-regelverket

Verneutstyr for arbeidstakarar ved høgtrykksspyling

Som arbeidsgivar skal du påby arbeidstakarane å bruke formålstenleg personleg verneutstyr til vern av auge, hender og kropp, i tillegg til sklisikkert fottøy, når anlegg for høgtrykksspyling er i bruk. Når arbeidstilhøva krev det, skal du også påby dei å bruke anna nødvendig verneutstyr.

Mange av arbeidsoperasjonane med høgtrykksvæskestråling gir stor risiko for skade. Nokre døme på vern er

  • hjelm
  • PVC-jakke og bukse
  • sklisikre vernesko og støvlar
  • andedrettsvern og friskluftmaske
  • hørselsvern
  • hanskar
  • ansiktsvern

Nokre døme på risikosituasjonar:

  • Returvæske frå bearbeidde overflater kan innehalde losna partiklar, mellom anna sand.
  • Særleg ved lengre tids arbeid kan støy utgjere ein risiko.
  • Væskestrålen kan gi kuttskadar.
  • Tilsetjingsstoff som er sterkt basiske eller sure, mellom anna kjemiske stoff, kan gi allergi, eksem eller annan hudsjukdom.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet