Veiviser til HMS-regelverket

Ventilasjon ved arbeid under jord

Alle stader under jord der det er tillate tilgang, skal ha tilfredsstillande ventilasjon.

Det skal sørgjast for kontinuerleg ventilasjon med ein tilstrekkeleg tryggleiksmargin for å sikre

  • frisk luft
  • luft der risikoen for eksplosjon og for støv som kan pustast inn, er under kontroll
  • luft der arbeidsvilkåra er tilfredsstillande medan arbeidet er i gang, med tanke på dei arbeidsmetodane som blir brukte, og den fysiske belastninga som arbeidstakarane er utsette for

Når den naturlege ventilasjonen ikkje tilfredsstiller desse krava, skal hovudventilasjonen sikrast ved hjelp av éi eller fleire mekaniske vifter.

Arbeidsgivaren må ha tiltak for å sikre ein jamn og kontinuerleg ventilasjon. Nedsett funksjon i hovudviftene skal overvakast kontinuerleg, og eit automatisk alarmapparat for å varsle om utilsikta driftsstans skal installerast.

Ventilasjonsparametrane skal målast og registrerast regelmessig.

 

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet