Veiviser til HMS-regelverket

Vedlikehald av arbeidsutstyr

Vedlikehaldsarbeid må utførast på ein trygg måte. Det skal som hovudregel berre vere mogleg å utføre vedlikehaldsarbeid når arbeidsutstyret er stansa og energitilførselen er kopla frå. Dersom dette ikkje lèt seg gjere, skal det anten setjast i verk vernetiltak for å utføre vedlikehaldsarbeidet farefritt, eller arbeidet må utførast utanfor faresonene. Dersom maskina er utstyrt med vedlikehaldsjournal, skal denne haldast oppdatert.

Alle maskiner skal ha innretningar slik at dei kan koplast frå kvar enkelt energikjelde. Slike innretningar skal vere tydeleg merkte. Dei skal kunne låsast dersom inn kopling kan utgjere ein fare for utsette personar. På maskiner som får tilført elektrisitet frå ein stikkontakt, er det tilstrekkeleg å trekkje ut støpselet.

Innretningane skal også kunne låsast dersom det ikkje er mogleg for operatøren å kontrollere, frå alle stader denne har tilgang til, at sambandet med energikjelda framleis er brote.

 

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet