Veiviser til HMS-regelverket

Val av verneombod

Alle verksemder som går inn under arbeidsmiljølova, må velje verneombod.

Verneombodet er arbeidstakarnes representant i spørsmål knytt til helse, miljø og sikkerheit (HMS), og skal ta vare på deira interesser i saker som angår arbeidsmiljøet.

I utgangspunktet skal alle verksemder ha verneombod, men dersom det er færre enn ti arbeidstakarar, kan partane inngå ein skriftleg avtale om ei anna ordning, til dømes at det ikkje skal vere verneombod ved verksemda.

Avtalen skal innehalde ei beskriving av kva alternativ ordning som er vald for å ta vare på interessene til arbeidstakarane i saker som har med arbeidsmiljøet å gjere.

Dersom de ikkje skriftleg avtaler kor lenge denne avtalen skal gjelde, gjeld han for to år frå den dagen han blei skriven under.

Relevante lenker

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet