Veiviser til HMS-regelverket

Val av arbeidsutstyr

Som arbeidsgivar skal du velje arbeidsutstyr som er eigna for arbeidet. Arbeidsgivaren skal også sjå til at arbeidsutstyr og maskiner som skal brukast, er konstruerte og innretta slik at arbeidstakaren er verna mot skadar på liv og helse.

Ved val av arbeidsutstyr er det særleg tre viktige moment arbeidsgivaren må vurdere:

  • at arbeidsutstyret har innebygd tryggleik, at det er sikkert i seg sjølv
  • plassen der arbeidsutstyret skal brukast
  • arbeidsoppgåva det skal brukast til

Val av eigna arbeidsutstyr for den aktuelle arbeidsoppgåva og prosessen gjer det mogleg å redusere eller fjerne mange farar for skade på liv og helse. Dette gjeld ikkje berre den normale bruken av arbeidsutstyret, men også andre aktivitetar, som vedlikehald, inspeksjon og anna.

Den risikovurderinga som skal utførast i samsvar med forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta, best.nr. 544), § 5 nr. 6), vil vere til stor nytte for arbeidsgivaren ved val av riktig arbeidsutstyr.

Valet av eigna arbeidsutstyr må byggje på ei samla vurdering av arbeidsplassen, dei arbeidsoperasjonane som skal utførast, og dei tilhøva utstyret skal brukast under. Innkjøpsrutinane må difor omfatte alle krav til arbeidsutstyret som forskrifta tilseier. Dersom det innkjøpte utstyret i seg sjølv ikkje er utan fare, må du som arbeidsgivar vurdere risikoen og setje i verk nødvendige tiltak.

Bruksområdet skal vere oppgitt av produsenten, og brukarrettleiinga må følgjast. Dersom arbeidsutstyret blir tilpassa, må arbeidsgivaren forsikre seg om at det framleis er eigna for arbeidsoppgåva, at det kan brukast utan fare, og at det tilfredsstiller krava i denne forskrifta.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet