Veiviser til HMS-regelverket

Vaksinasjon av arbeidstakarar

Dersom det finst ein sikker og effektiv vaksine, skal arbeidsgivaren tilby vaksinasjon til arbeidstakarar som er utsette for smittefare.

Den offentlege helsetenesta har oversikt over tilgjengelege vaksinar.

Det er frivillig for arbeidstakarane å ta imot tilbodet om vaksinasjon. Arbeidstakarane det vedkjem, skal få informasjon om fordelar og ulemper ved å la seg vaksinere.

Arbeidsgivaren betaler for vaksinering

Arbeidsgivaren skal dekkje utgiftene til vaksinasjon. Vaksinasjon skal ikkje føre til reduksjon i andre smitteførebyggjande tiltak, men komme i tillegg.

Skriftlege retningslinjer og tilbod om vaksinasjon

Som arbeidsgivar bør du sørgje for å ha retningslinjer for dei vaksinane som er aktuelle for verksemda. Tilbod om vaksinasjon bør skje skriftleg, og det bør også dokumenterast når slike tilbod er gitt.

Elevar og studentar

Med arbeidstakar menes og elevar/studentar som utplasseres på arbeidsplass der det kan finnast smitte. I desse tilfella må ein avklare om det er skulen eller arbeidsgivar som skal gi tilbod om og betale for aktuell vaksine.

Publikasjoner

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet