Veiviser til HMS-regelverket

Utanlandske arbeidstakarar

Som arbeidsgivar skal du sikre at arbeidstakarane dine får dei lønns- og arbeidsvilkåra som følgjer av allmenngjeringsforskrifta.

Lov om allmenngjøring av tariffavtaler mv. har som formål å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har.

Arbeidsgivaren pliktar å gjennomføre føresegnene gitt i forskrift om allmenngjøring av tariffavtale for byggeplasser i Norge. Forskrifta gjeld faglærte og ufaglærte arbeidstakarar som utfører bygningsarbeid på byggjeplassar i heile landet.

Minstelønn per time:

  • For faglærte: 187,80 kroner
  • For ufaglærte uten bransjeerfaring: 168,80 kroner
  • For ufaglærte med minst ett års bransjeerfaring: 176,00 kroner
  • For arbeidstakere under 18 år: 113,20 kroner

Satsene gjelder fra 8. mai 2015.

Byggherren skal i kontraktane med oppdragstakarar på byggjeplassen informere om at arbeidstakarane til oppdragstakarane minst skal ha dei lønns- og arbeidsvilkåra som følgjer av allmenngjeringsforskrifta. Dette gjeld tilsvarande for oppdragstakaren til byggherren når denne inngår avtalar med andre oppdragstakarar.

Kravet gjeld altså også for entreprenørar som inngår kontraktar med underentreprenørar, og på same måte ved fleire ledd i kontraktkjeda.

Relevante lenker

Regelverk

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet