Veiviser til HMS-regelverket

Tungt og einsformig arbeid – vurdering og tiltak

Ved planlegging, utforming og utføring av manuelt arbeid skal arbeidsgivaren vurdere tungt og einsformig arbeid og uheldige arbeidsstillingar som kan føre til helseskade. Arbeidsgivaren skal gjennomføre nødvendige tiltak for å fjerne eller redusere førekomsten av belastande og helseskadeleg manuelt arbeid.

Manuelt arbeid skal så langt som mogleg ikkje innebere rørsler eller arbeidsstillingar som kan gi helseskade. Arbeidsgivaren må difor sørgje for ei fortløpande vurdering av tilhøve i arbeidsmiljøet som kan føre til muskel- og skjelettlidingar hos arbeidstakarane.

Arbeidstakarane skal medverke i planlegging og vurdering av arbeidsmiljøet og i gjennomføring av førebyggjande tiltak.

Gjennomføring av tiltak skal ta utgangspunkt i arbeidet som blir utført, og omfatte

  • organisering av arbeidet
  • lokale
  • inventar
  • utstyr, medrekna tekniske hjelpemiddel
  • samarbeidstilhøve
  • styrings- og planleggingssystem som påverkar arbeidstakt og arbeidsinnhald

Som arbeidsgivar må du ta omsyn til individuelle føresetnader hos arbeidstakarane og behovet deira for variasjon i arbeidsoppgåver.

Moglege tiltak

Ei enkel omorganisering av arbeidet kan ofte gjerast for å fjerne uheldige belastningar. Nokre konkrete tiltak kan til dømes vere å

  • leggje til rette for og stimulere til samarbeid
  • endre rekkjefølgja av arbeidsoppgåver
  • gi opplæring i god arbeidsteknikk

Det kan også vere aktuelt med meir omfattande endringar, som til dømes

  • utvikling av nye tekniske løysingar
  • jobbrotasjon/jobbutviding, det vil seie tilføre fleire arbeidsoppgåver
  • leggje til rette for korte, regelmessige pausar

Når tiltak skal setjast i verk, er det viktig å ta vare på heilskapen i arbeidsmiljøet, slik at ein ikkje løyser eitt problem og samtidig skaper nye.

Relevante lenker

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet