Veiviser til HMS-regelverket

Truckar – arbeidsutstyr

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at truckar blir brukte slik at arbeidstakarane er verna mot skadar på liv og helse.

Vurder fare

Når det blir brukt truck, skal du som arbeidsgivar vurdere kva slags situasjonar som kan føre til fare for arbeidstakarane. Tiltak for å hindre ulykker er til dømes einvegs køyrefelt for truckar og etablering av interne reglar for ferdsel.

Tekniske krav

Trucken skal vere CE-merkt dersom han er omsett første gong innanfor EØS-området etter 01.01.95. For eldre truckar gjeld same tryggleikskrav som for maskiner omsette i EØS før 01.01.95.

Setebelte

Leverandørane har sidan 1. januar 2002 hatt plikt til å levere setebelte i nye motvektstruckar under ti tonn. Frå 5. desember 2002 er det krav til arbeidsgivaren om å installere setebelte på tilsvarande truckar som blei tekne i bruk før 1. januar 2002.

Opplæring på arbeidsplassen

Som arbeidsgivar pliktar du å gi opplæring og instruksjon til truckføraren og andre som arbeider i område der det blir brukt truck. Det krevst anten sertifisert eller dokumentert tryggleiksopplæring ved bruk av truck. Sertifisert tryggleiksopplæring, truckførarbevis, krevst for alle truckar med permanent førarplass.

Døme på truckar med fast førarplass er motvektstruck og sidelastarar. Sertifisert tryggleiksopplæring skal gjennomførast av ei sertifisert opplæringsverksemd.

Nedfellbar plattform for ståande førar er ikkje rekna som permanent førarplass. Der det ikkje er permanent førarplass, er det krav om dokumentert tryggleiksopplæring.

Kontroll av truckar inneber

  • dagleg kontroll
  • regelmessig vedlikehald
  • årleg kontroll utført av ei sakkunnig verksemd
  • dokumentasjon på at det er utført kontroll

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet