Veiviser til HMS-regelverket

Tiltak mot tungt og einsformig arbeid

Som arbeidsgivar skal du gjennomføre tiltak for å fjerne eller redusere førekomsten av belastande eller helseskadeleg manuelt arbeid.

Tiltaka skal ta utgangspunkt i arbeidet de utfører, og omfatte faktorar som

  • organisering av arbeidet
  • lokale
  • inventar
  • utstyr, inkludert tekniske hjelpemiddel
  • samarbeidstilhøve
  • styrings- og planleggingssystem som bidreg til å påverke arbeidstakt og arbeidsinnhald

Behov for variasjon

Som arbeidsgivar må du ta omsyn til individuelle føresetnader hos arbeidstakarane og behovet deira for variasjon i arbeidsoppgåvene.

Krav til arbeidsutstyret

Arbeidsutstyret må passe til det arbeidet som skal utførast. Arbeidsutstyret skal også kunne tilpassast arbeidstakaren som bruker det.

Omorganisering kan lette arbeidet

Ei enkel omorganisering av arbeidet kan ofte gjerast for å fjerne uheldige belastningar. Tiltak kan til dømes vere å

  • leggje til rette for og stimulere til samarbeid
  • endre rekkjefølgja av arbeidsoppgåver
  • sørgje for opplæring i god arbeidsteknikk

Det kan også vere aktuelt med meir omfattande endringar som til dømes

  • utvikling av nye tekniske løysingar
  • jobbrotasjon/jobbutviding, det vil seie tilføre fleire arbeidsoppgåver
  • leggje til rette for korte, regelmessige pausar

 Når de skal setje i gang tiltak, er det viktig å ta vare på heile arbeidsmiljøet, slik at de ikkje løser eitt problem og samtidig skaper nye.

Relevante lenker

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet