Veiviser til HMS-regelverket

Tiltak i samband med oppstilling, bruk og plassering av maskiner

Som arbeidsgivar skal du setje i verk tiltak for å fjerne farar ved varme, kulde, stråling, elektrisitet, støv, røyk, gass, damp, oljeprodukt, kjemikaliar, biologiske faktorar, eksplosiv med vidare.

Før maskiner blir stilte opp, plasserte og tekne i bruk, må alle farar kartleggjast og ein risikoanalyse utarbeidast.

Døme på faremoment:

  • utvikling av varme/oppheting som følgje av varmgang i lager, blokkerte transportlager, varmgang i elektrisk motor, feil ved termostat eller kjølegang
  • brot i hydrauliske eller pneumatiske slangar
  • eksplosjonar på grunn av varmepåverknad, kjemikaliar som tek fyr, og organisk støv (støveksplosjonar)
  • dårleg ventilasjon
  • kulde eller trekk knytt til avsug
  • festeinnretningar for stasjonære maskiner
  • materiale som blir slyngde ut frå utstyr, til dømes metallspon

Maskiner skal vere konstruerte, bygde og utstyrte slik at ein unngår fare på grunn av gassar, støv, damp og andre avfallsstoff som maskina utviklar. Når slik fare er til stades, skal maskiner vere utstyrte slik at dei nemnde stoffa kan samlast opp og fjernast. Innretninga for avfallshandtering skal vere plassert så nær forureiningskjelda som mogleg.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet