Veiviser til HMS-regelverket

Tiltak for vern av arbeidstakarane – oppsamling og behandling av avløpsvatn

Dersom det er fare for helsa og tryggleiken til arbeidstakarane på grunn av biologiske faktorar, må du som arbeidsgivar gjennomføre tiltak for å fjerne eller redusere risikoen for fare til eit forsvarleg nivå.

Aktuelle tiltak vil vere  

  • mest mogleg tildekking eller innbygging av prosessane
  • ventilasjonstiltak ved kjelda, til dømes retta frisklufttilførsel over stilleståande vatn og slamopphopingar eller prosessavsug over forureiningskjelda
  • tiltak som sikrar at arbeidsplassen er formålstenleg innretta, og at arbeidet blir utført på ein trygg måte
  • personlege vernetiltak som bruk av hanskar, arbeidstøy og andedrettsvern
  • hygienetiltak som reingjering, handvask og liknande
  • tiltak som sikrar at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskap og praktisk øving i arbeidet
  • tilbod om trygg og effektiv vaksine


Som arbeidsgivar bør du få hjelp av nokon i bedriftshelsetenesta som har kompetanse om biologiske faktorar.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet