Veiviser til HMS-regelverket

Tilrettelegging av arbeidet ved redusert arbeidsevne og sjukdom

Arbeidsgivaren skal så langt det er mogleg, setje i verk nødvendige tiltak for at arbeidstakarar med mellombels eller varig redusert arbeidsevne skal kunne få eller behalde eit passande arbeid.

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at arbeidsplassen blir lagd til rette slik at verksemda kan sysselsetje arbeidstakarar med redusert arbeidsevne.

Ein arbeidstakar som har fått redusert arbeidsevne, skal fortrinnsvis få høve til å halde fram i det vanlege arbeidet sitt, eventuelt etter særskild tilrettelegging av arbeidet, endringar i tekniske innretningar, gjennomgått attføring eller liknande, eller ved endra eller redusert arbeidstid.

Arbeidsgivaren skal setje i gang tiltak

Det har i prinsippet ingenting å seie om den reduserte arbeidsevna har oppstått på grunn av arbeidet eller ikkje, men plikta for arbeidsgivaren til å setje i verk tiltak er mykje større dersom den reduserte arbeidsevna har samanheng med arbeidstilhøve eller forsømmingar frå arbeidsgivaren si side. Ikkje minst gjeld det dersom det er ønskjeleg at dei aktuelle tiltaka blir sette ut i livet for å hindre eller minske risikoen for at andre arbeidstakarar i den same verksemda skal få tilsvarande redusert arbeidsevne.

Nokre døme på tiltak er å

  • leggje til rette arbeidet ved til dømes å endre rutinar, arbeidstid, aktiv medverknad frå andre arbeidstakarar
  • skaffe og/eller tilpasse teknisk utstyr/hjelpemiddel som arbeidstakaren bruker i arbeidet sitt
  • endre tilgangen til arbeidsplassen, som til dømes døropningar, tersklar, installasjon av heis, skaffe rullestolrampe, flytte dørhandtak, lysbrytarar og liknande
  • gjennomføre opplæring, omskolering, arbeidstrening og liknande
  • redusere eller endre arbeidstida

Mellombelse eller varige tiltak

Tiltaka som blir sette i verk, kan vere mellombelse eller varige. Som arbeidsgivar har du plikt til å leggje til rette arbeidet for den enkelte arbeidstakaren. Arbeidstakaren på si side har plikt til å medverke for å få gjennomført dei nødvendige tiltaka.

I kva grad du som arbeidsgivar skal gjennomføre tiltak for at arbeidstakaren skal få behalde det vanlege arbeidet sitt, kan vere eit vanskeleg spørsmål, der omsynet til kva arbeidstakaren sjølv ønskjer, må vege tungt. Dersom det er aktuelt å overføre arbeidstakaren til anna arbeid, skal de ta med arbeidstakaren og tillitsvalde på råd før avgjerda blir teken.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet