Veiviser til HMS-regelverket

Tilrettelegging av arbeidet i hotell- og restaurantbransjen

Som arbeidsgivar skal du leggje til rette teknologi, opplæring, arbeidsorganisasjon, arbeidstidsordningar og lønnssystem på ein slik måte at arbeidstakarane ikkje blir utsette for uheldige fysiske og psykiske belastningar, eller slik at dei får dårlegare føresetnader for å vise aktsemd og ta vare på tryggleiken.

Variasjon viktig

Arbeidstakarane skal kunne ha variert arbeid. Å stå fast i skrubben er svært belastande, det same gjeld det å sitje ved sentralbordet eit heilt skift.

For å oppnå større variasjon og skape betre jobbar kan det vere formålstenleg med jobbrotasjon, der ein vekslar mellom ulike arbeidsstader, eller slik at ein jobb består av fleire ulike oppgåver.

Samarbeid

I bransjen er ulike grupper avhengige av kvarandre, til dømes servitørar og kjøkkenpersonale, resepsjon og rombetening. Det gjer det viktig å vurdere om samarbeidet fungerer tilfredsstillande. Innanfor enkelte arbeidsgrupper er det viktig å få til eit samarbeid som fungerer på ein slik måte at kvar enkelt får høve til sjølv å bestemme og ha fagleg ansvar.

Sjølvstyrte grupper

I bransjen har forsøk med meir eller mindre sjølvstyrte grupper falle heldig ut. Ei slik gruppe kan til dømes få i oppgåve å planleggje arbeidet på sitt område, gjere avtalar om arrangement og stå for tilsetjingar innan gruppa. Deltakarar i ei slik gruppe får på den måten eit utvida ansvar og ein utvida rett til å vere med og bestemme, samanlikna med kva dei tidlegare hadde som enkeltpersonar. Uregelmessig arbeidstid og kveldsarbeid gjer det spesielt viktig at arbeidstakarane blir tekne med på råd mellom anna når vaktlister skal setjast opp.

Arbeidstidsordningar – varierande arbeidstid

Den varierande arbeidstida som dei fleste arbeidstakarane i bransjen har, kan skape fysiske og psykiske problem for den enkelte. På grunn av eigenarten ved denne bransjen er det lite som kan gjerast med at arbeidet er lagt til kveldstid, men desto viktigare er det å leggje tilhøva til rette slik at belastninga ved varierande arbeidstid blir redusert mest mogleg.

Framandspråklege

Det er spesielt viktig å gi framandspråklege arbeidarar stor merksemd når det gjeld opplæring. Dei kan ha problem med å lese skriftlege instruksar, varselplakatar og liknande. Mykje som er ”sjølvsagt” for norskspråklege arbeidstakarar, vil framandspråklege først oppfatte når dei får det forklart spesielt.

Særleg om kjøkkenavdelinga

Arbeidsorganisasjon

Samarbeid mellom og innan dei enkelte avdelingane kan bidra til betre miljø og meir rasjonelt arbeid. I kjøkkenavdelinga er det ofte både faglært og ufaglært arbeidskraft. I periodar med stort arbeidspress kan det oppstå gnissingar mellom gruppene dersom samarbeidet ikkje fungerer bra.

Der det oppstår slike problem, er det viktig at ein i fellesskap diskuterer kva årsakene til problema er, og prøver å finne fram til ei betre arbeidsdeling. Det kan til dømes vere nødvendig å redusere arbeidsoppgåvene til enkelte eller setje inn fleire folk i skrubb og oppvask.

På grunn av ujamn kundepågang, vil arbeidsbelastninga i kjøkkenavdelinga variere med toppar rundt hovudmåltida. For å unngå uheldige arbeidsbelastningar i hektiske periodar bør bemanninga vere tilstrekkeleg til å fange opp toppane i arbeidsmengda.

Teknologi

Arbeidstakarar, i samarbeid med tillitsvalde og leiinga, bør nøye vurdere om teknologien er formålstenleg, og eventuelt finne fram til moglege forandringar eller forbetringar. Maskiner skal vere utstyrte med nødvendige verneinnretningar, slik at arbeidstakarane er verna mot skadar.

Opplæring

Opplæringa må skje ut frå føresetnadene til den enkelte arbeidstakaren. Ein må mellom anna ta omsyn til språkproblem for utanlandske arbeidstakarar.

Særleg om resepsjonsavdelinga

Tilrettelegging av arbeidet

Arbeidsplassar med sitje- og skriveplass bør vere formålstenleg utforma og innreidde. Det bør vere skap, hylle og skriveplass som samsvarer med det arbeidet som skal utførast der.

Opplæring

Ved bruk av datateknologi, til dømes i samband med romreservering, skal dei tilsette ha tilstrekkeleg opplæring til å betene han. Ved innføring av ny teknologi i samband med styring og planlegging av verksemda har dei tilsette rett til å vere med og utforme systema, og dei skal ha nødvendig opplæring i dette.

Særleg om husøkonom

Lønnssystem

Ved somme verksemder fører prestasjonslønnssystemet til eit høgt oppdrive arbeidstempo for rombeteninga. Dersom eit slikt lønnssystem blir praktisert, skal arbeidsgivaren i utgangspunktet ta omsyn til individuelle føresetnader hos arbeidstakarane.

Særleg om serveringsavdelinga

Ubekvem arbeidstid, ujamn arbeidsbelastning og til tider høgt arbeidstempo er problem som peiker seg ut for serveringspersonalet. Til ein viss grad kjem desse problema av ein ujamn gjestepågang, med andre ord faktorar som personalet ikkje sjølv er herre over. Forsøk med å organisere arbeidet i grupper har vore med på å redusere problema.

Prosentlønn

Mange servitørar har ei form for avlønning etter prestasjon. Dei får ein viss prosent av omsetninga. Dette lønnssystemet kan bidra til å halde bemanninga nede fordi det er færre å dele inntekta på. Tempoet aukar og kan forårsake arbeidsbelastningar. Slike lønnssystem bør berre brukast når det er inngått avtale mellom leiinga og arbeidstakarane.

Arbeidsreglement

Alle verksemder innan hotell- og restaurantbransjen med meir enn ti arbeidstakarar er pålagde å utarbeide arbeidsreglement.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet