Veiviser til HMS-regelverket

Røyking på serveringsstader

Det er ikkje tillate å røyke på serveringsstader.

Det er ikkje tillate å røyke i lokale der det blir servert mat og/eller drikke. Dette gjeld også kantiner og spiserom. Det er også forbod mot å tillate røyking i serveringsstader, dvs. lokaler der det vert servert mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for fortæring på staden.

På uteserveringar kan røyking vere tillate dersom avskjermingar ikkje er til hinder for tilstrekkeleg naturleg ventilasjon, og røyking ikkje blir til plage.

Følgande føresetnader må vere oppfylte:

  • Det må ikkje sive røyk frå uteserveringa inn i lokala.
  • Uteserveringa må ikkje vere så avskjerma at ho blir "inne"

I ein del tilfelle kan ulike former for skjerming hindre den naturlege utluftinga, og føre til at røyking på uteserveringa blir forbode. Pass derfor på at eventuelle leveggar ikkje når høgare enn til (sittande) skulderhøgd når det også er tak/markise over uteserveringa.

Røykeforbodet skal bli merkt med godt synlege skilt. Det skal vere sett opp skilt der det kan vere tvil om røyking er forbode og ved inngangen til alle severingsstader. Det er eigaren eller den som disponerar lokalene som har plikt til å sørgje for at reglane om røyeforbod/ forbod mot å tillate røyking på serveringsstader vert overhalde. For å sikre at forbodet vert overhalde skal serveringsstader føre internkontroll og etablere eit internkontrollsystem. Internkontrollen skal kunne dokumenterast overfor tilsynsmyndigheitene. 

Kommunen er tilsynsmyndigheit når det gjeld røyking på offentleg stad.

I arbeidslokaler er Arbeidstilsynet tilsynsmyndigheit.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet