Veiviser til HMS-regelverket

Mobilt arbeidsutstyr

Mobilt arbeidsutstyr skal vere laga slik at det ikkje oppstår fare for arbeidstakaren som oppheld seg på arbeidsutstyret.

Mobilt arbeidsutstyr skal vere utrusta med

  • ein konstruksjon som hindrar velt, eller veltesikkert vern dersom ikkje sikring mot skade ved velt kan skje på annan måte
  • innretning som hindrar utilsikta start
  • innretning som kan bremse eller stoppe utstyret
  • hjelpeinnretning som kan gi fullt forsvarleg sikt dersom synsfeltet til føraren ikkje er tilstrekkeleg
  • fullt forsvarleg belysning som er tilpassa det arbeidet som skal utførast
  • brannsløkkingsutstyr dersom arbeidsutstyret kan utgjere ein brannfare i samband med arbeidet
  • automatisk stopp for fjernstyrt arbeidsutstyr som beveger seg utanfor området der ein kan styre det med dei fjernstyrte kontrollane
  • innretning som hindrar at arbeidstakaren blir påkøyrd eller fastklemd av fjernstyrt arbeidsutstyr

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet