Veiviser til HMS-regelverket

Merking av arbeidsutstyr

Arbeidsutstyret skal merkjast med nødvendige åtvaringar og opplysningar for trygg bruk. Ved merking skal det brukast anerkjende symbol eller tekst på norsk. Dersom det er nødvendig, skal det brukast eit anna språk som er forståeleg for arbeidstakarane.

 

Maskiner skal ha merking som er tydeleg og varig.

Innhald

Merkinga skal innehalde desse opplysningane:

  • namn og adresse på produsenten
  • CE-merking i samsvar med krav
  • serie- eller typenemning
  • eventuelt serienummer
  • byggjeår

Bruksrettleiingar er nødvendig

Det skal vere tilgang til brukarmanualar eller bruksrettleiing for alt utstyr. Rettleiinga skal innehalde:

  • same som for merkinga minus serienummeret (sjå over)
  • kva maskina skal brukast til
  • om beteningsplassar der operatøren skal utføre arbeid

Bruksrettleiinga skal også innehalde instruks for trygg

  1. klargjering før bruk
  2. bruk
  3. handtering
  4. installasjon
  5. montering, demontering
  6. justering
  7. vedlikehald, ettersyn og reparasjon
  8. opplæring
  9. informasjon om viktige data som eventuelt kan monterast på maskina

Informasjonen skal vere forståeleg for dei arbeidstakarane som skal bruke arbeidsutstyret.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet