Veiviser til HMS-regelverket

Måling av forureiningar i arbeidsatmosfæren

Dersom du som arbeidsgivar ikkje kan dokumentere at forureiningar frå kjemikaliar i arbeidsatmosfæren er på eit fullt forsvarleg nivå, skal du gjennomføre målingar.

 

Når du som arbeidsgivar skal vurdere faren for helsa og tryggleiken til arbeidstakarane i samband med bruk av kjemikaliar, må du også vurdere eksponeringa for forureiningar i arbeidsatmosfæren.

Dette kan gjerast ved å utføre målingar eller vurdere tidlegare utførte målingar og annan informasjon som verkar inn på eksponeringa. Slik informasjon kan til dømes vere kor flyktig kjemikalien er, temperatur, effekt av prosesstilpassa avsug, nærleik til og opphaldstid ved forureiningskjelde med meir.

Målingar og analysar er kostbart. Det er difor viktig at arbeidsgivaren har gjort ei grundig vurdering før gjennomføringa av målingane.

Arbeidstilsynet har utarbeidd ei rettleiing

Måleresultata skal vurderast mot grenseverdiane i Forskrift om tiltaks- og grenseverdier.

Grenseverdiane angir den høgaste akseptable mengda av ei forureining som kan pustast inn.

Involver bedriftshelsetenesta

For at både vurdering av eksponering og eventuelle målingar skal kunne gi eit riktig bilete av arbeidsmiljøet, må den som utfører oppgåvene, ha nødvendig kunnskap. Arbeidsgivaren bør få hjelp av nokon i bedriftshelsetenesta som har kompetanse om kjemisk helsefare.

Krav om dokumentasjon

Det må dokumenterast at resultata av målinga er representative for dei eksponerte arbeidstakarane.

 

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet