Veiviser til HMS-regelverket

Løfting og flytting – tryggleik for arbeidstakaren

Fast installert utstyr til løfting av last, og oppheng og forankring for dette utstyret, skal ha nødvendig styrke til å tole dei belastningane det kan bli utsett for, og til å ta vare på stabiliteten til utstyret.

Arbeidsutstyr til løfting av last skal vere

  • merkt for største arbeidsbelastning og eventuelt ha merkeplate som angir største arbeidsbelastning for kvar enkelt løfteposisjon
  • merkt med forbod mot personløft når arbeidsutstyret ikkje er berekna for det

Arbeidsutstyr til løfting eller flytting av arbeidstakarar skal vere laga slik at

  • eigna innretningar hindrar plattforma og liknande i å falle ned
  • arbeidstakaren sjølv ikkje kan falle ned frå plattforma
  • arbeidstakaren ikkje kan knusast, klemmast fast eller støytast, særleg på grunn av utilsikta kontakt med gjenstandar
  • arbeidstakaren ikkje blir utsett for fare og kan frigjerast frå plattforma i tilfelle utilsikta driftsstans

Dersom innretningane som er nemnde ovanfor, ikkje gir tilstrekkeleg tryggleik på grunn av tilhøva på arbeidsplassen og høgdeforskjellar, skal plattforma sikrast ved at det blir montert eit ekstra tau med høgare tryggleiksfaktor. Tauet skal kontrollerast før kvar bruk.

 

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet