Veiviser til HMS-regelverket

Løfting av last – tryggleik for arbeidstakaren

Ved løfting av last skal du som arbeidsgivar sørgje for at det berre blir nytta arbeidsutstyr, inkludert løfteinnretning, som er berekna for dette. Tilhøva på staden må vere lagde til rette for at arbeidsutstyret kan nyttast til denne typen løft. Arbeidstakarar som arbeider med lasta, skal ha kompetanse for arbeidsoppgåva.

Utstyret skal vere merkt

Arbeidsutstyr til løfting av last skal vere

  • merkt for største arbeidsbelastning og eventuelt med merkeplate som angir største arbeidsbelastning for kvar enkelt løfteposisjon
  • merkt med forbod mot personløft når arbeidsutstyret ikkje er berekna for det

Pliktene til arbeidsgivaren

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at arbeidsutstyret blir brukt slik at det er stabilt under bruk og under alle føreseielege tilhøve. Du må forsikre deg om at underlaget har nødvendig styrke og stabilitet, og sørgje for at tiltaka blir gjennomførte riktig.

Dersom operatøren av arbeidsutstyret ikkje kan sjå lasta, skal ein kompetent person stå i kontakt med operatøren og rettleie han eller henne.

Ver merksam på at last forskyver seg når ho forlèt bakken. Stå difor ikkje inntil lasta med fare for å bli klemd. Spesielt viktig er dette ved bruk av mobilt løfteutstyr når løftet ikkje skjer vertikalt.

 

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet