Veiviser til HMS-regelverket

Lagerreolar

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at arbeidsutstyr blir plassert og stilt opp på ein fullt ut trygg måte. Fundament og festeanordningar for arbeidsutstyr skal vere slik at innretninga er stabil og ikkje forårsakar unødig støy eller vibrasjonar. Når det er nødvendig, skal arbeidsutstyr eller delar av slikt utstyr stabiliserast ved fastspenning eller liknande.

 

Plassering

Plassering og oppstilling av lagerreolar må gjerast etter ei nøye vurdering.

Sikringstiltak

Lagerreolar kan velte eller kollapse med mindre det blir gjennomført sikringstiltak. Dei bør om nødvendig festast til eit eigna fundament eller bardunerast til stabile strukturar etter tilvising frå produsenten.

Bereevna til underlaget

Bereevna til underlaget må vurderast. Om nødvendig må bereevna aukast ved hjelp av underlag som gir større bereflate.

Lagerreolar skal ikkje belastast med større vekt enn dei er berekna for.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet