Dersom verksemda bruker kjemikaliar som kan vere kreftframkallande, og tilsette kan vere utsette for kreftframkallande forureiningar, må særlege føresegner følgjast.
Arbeidsgivaren skal sørgje for å erstatte kreftframkallande kjemikaliar dersom det er teknisk mogleg. Viss ikkje skal det så langt som mogleg nyttast lukka system for kjemikaliane. Eksponeringa skal alltid haldast så låg som mogleg og vere på eit fullt forsvarleg nivå.
Når arbeidstakarane kan vere utsette for kreftframkallande kjemikaliar, må arbeidsgivaren setje i verk tiltak for å sikre at
Avfall som inneheld kreftframkallande kjemikaliar, skal samlast i lukka behaldarar som er tydeleg merkte.
Gravide arbeidstakarar skal ikkje utsetjast for kreftframkallande kjemikaliar. Det kan vere aktuelt med omplassering til anna arbeid. Bedriftshelsetenesta kan vurdere risiko og eventuelt leggje til rette arbeidet for den gravide. Om verksemda ikkje er knytt til BHT, bør det søkjast hjelp hos personar som kan vurdere risiko og eventuelt leggje til rette arbeidet for den gravide.
Helseundersøking dersom nokon er eksponert
Dersom arbeidstakarane blir utsette for kreftframkallande kjemikaliar på ein slik måte at det kan føre til helseskade på lang sikt, skal arbeidsgivaren sørgje for at arbeidstakarane går igjennom ei eigna helseundersøking.
Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.