Veiviser til HMS-regelverket

Brann- og eksplosjonsfare på arbeidsplassen – risikovurdering

Mange arbeidsplassar er ikkje berekna for varmt arbeid. Arbeidsgivaren pliktar da å vurdere risikoen for brann og eksplosjon i samband med bruk av utstyr som kan gi frå seg varme eller gnistar. Vidare er det krav til arbeid med gassutstyr.

 

Varmt arbeid i område med brann- eller eksplosjonsfarlege stoff

Før det blir sett i gang varmt arbeid i eller på behaldarar, tankar, rørleidningar eller liknande som inneheld, eller har innehalde, brann- eller eksplosjonsfarlege stoff, skal arbeidsgivaren setje i verk tiltak for å unngå brann eller eksplosjon.

Fjern brennbart materiale

Dersom du bruker utstyr for varmt arbeid, skal du sørgje for at alt brennbart materiale i nærleiken av arbeidsplassen blir fjerna eller skjerma med varmeresistent materiale.

Gassflasker skal alltid vere plasserte og sikra på forsvarleg måte, slik at dei ikkje blir utsette for utilsikta oppvarming, og slik at det ikkje oppstår fare for brann eller eksplosjon. Dei må også plasserast slik at dei ikkje blir skadde av køyretøy. Gassflasker skal lett kunne sikrast dersom det oppstår brann eller eksplosjon.

Ventilar, koplingar og slangar skal vere verna mot slag og mot skadar frå fallande eller utslengde gjenstandar.

Brannsløkkingsutstyr skal finnast lett tilgjengeleg og i rimeleg nærleik der varmt arbeid er i gang.

Varmt arbeid med gassutstyr

For å sikre mot brann og eksplosjon i gassutstyr skal arbeidsgivaren sjå til at det ved sveising, termisk skjering, lodding og termisk sprøyting blir nytta slikt utstyr:

  • brennar som er utstyrt med retursperreventil på alle innløp mellom handtak og slange
  • regulator for oksygen som er utstyrt med tilbakeslagssikring
  • regulator for brenngass som er utstyrt med tilbakeslagssikring
  • gass-slangar som er spesielt berekna til formålet, og som har kvalitet i samsvar med Norsk Standard NS-EN 559
  • slangekoplingar i samsvar med NS-EN 560
  • materiale i armatur og rørleidning for acetylen som ikkje inneheld meir enn 70 prosent kopar.

Alt utstyr for oksygen skal haldast fritt for olje og feitt.

Sveise- og skjerebrennar, sveise- og sprøytepistol, elektrodehaldar og kablar skal plasserast forsvarleg. All gass skal stengjast av når arbeidet er avslutta.

Nettspenninga til straumkjelda skal koplast frå når arbeidet er avslutta.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet