Veiviser til HMS-regelverket

Boltepistol – arbeidsreiskap

Som arbeidsgivar skal du sørgje for at arbeidstakarar som skal arbeide med boltepistol, blir gjorde kjende med innhaldet i bruksrettleiinga og tryggingsføresegna, i tillegg til ulykkesrisikoen.

Med boltepistol meiner ein eit skotverktøy der ein eksploderande drivpatron blir brukt for å skyte inn boltar, spikrar eller liknande festeelement i eit fast materiale.

Ver varsam ved bruk

Bruk av boltepistol inneber ein stor risiko for ulykker, på grunn av manglar eller feil ved utstyret eller feil bruk. Det er difor krav til mellom anna sikring mot utilsikta avfyring, splintvern og ettersyn minst éin gong i året. Av same grunn er det også stilt krav til bruk av personleg verneutstyr og oppbevaring.

Døme på risikosituasjonar:

  • avtrekkjaren skal vere sikra mot utilsikta påverknad
  • handtaket skal vere plassert slik at pistolen kan haldast under god kontroll under avfyring
  • boltepistolen skal ikkje brukast utan splintvern
  • pistolen skal leverast med ein solid oppbevaringskasse med lås
  • varselskilt ved skyting på nødvendige stader
  • under kvilepausar eller avbrot i arbeidet skal boltepistolar vere innelåste i oppbevaringskassen

Personleg verneutstyr

Når du skyt med boltepistol, skal du bruke hovud-, auge- og hørselsvern.

Typegodkjenning

Boltepistolar skal vere CE-merket og samsvarserklært etter reglane i forskrift om maskiner.

 

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet