Veiviser til HMS-regelverket

Biologiske faktorar som er helseskadelege – tiltak for vern av arbeidstakarar

Dersom biologiske faktorar utgjer ein fare for helsa og tryggleiken til arbeidstakarane, må arbeidsgivaren gjennomføre tiltak for å fjerne eller redusere risikoen for fare til eit forsvarleg nivå.

Aktuelle tiltak vil vere:

  • mest mogleg innbygging eller avskjerming av forureiningskjelda
  • ventilasjonstiltak ved kjelda, til dømes retta frisklufttilførsel over faste arbeidsplassar eller prosessavsug over forureiningskjelda
  • bygningsmessige tiltak for å skilje ureine soner frå reine soner. Ureine soner bør vere undertrykksventilerte i høve til reine soner. Behov for sluse mellom rein og urein sone bør også vurderast
  • tiltak som sikrar at arbeidsplassen er formålstenleg innretta, og at arbeidet blir utført på ein trygg måte. Personlege vernetiltak som bruk av hanskar, arbeidstøy og andedrettsvern
  • hygienetiltak som reingjering, handvask og liknande
  • tiltak som sikrar at arbeidstakarane har tilstrekkeleg kunnskap og praktisk trening i arbeidet
  • tilbod om sikker og effektiv vaksine

Som arbeidsgivar bør du få hjelp av nokon i bedriftshelsetenesta som har kompetanse om smittefare.

Publikasjoner

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet