Veiviser til HMS-regelverket

Biologiske faktorar – vurder fare for arbeidstakarar.

Som arbeidsgivar skal du vurdere om arbeidstakarane er utsette for biologiske faktorar som kan utgjere ein fare for helsa og tryggleiken deira.

For å finne ut kva som kan gå gale når det gjeld biologiske faktorar som bakteriar, virus og sopp i arbeidsmiljøet, må arbeidsgivaren i første omgang kartleggje eksponeringa.

Arbeidstakarane skal delta

Det er svært viktig at arbeidstakarane deltek aktivt i kartlegginga og risikovurderinga av biologiske faktorar. Dei tilsette har plikt til å medverke.

Risikovurdering

Ved vurdering av risiko knytt til smittefare skal arbeidsgivaren særleg ta omsyn til

  • kva for kjende mikroorganismar som kan førekomme
  • kva smitterisikogruppe desse er plasserte i. Mikroorganismane er delte inn i fire smitterisikogrupper etter evna til å forårsake infeksjonssjukdom, kor alvorleg sjukdommen er, og faren for vidare spreiing
  • kor alvorleg sjukdom eller helseskade eksponering kan føre til. Det er òg viktig å vurdere om mikroorganismane kan gi eventuelle allergiske reaksjonar eller giftverknad
  • kor ofte eksponeringa førekjem, og kor lenge ho varer
  • tilhøva på arbeidsplassen der eksponering førekjem
  • korleis dei biologiske faktorane blir overførte til og spreier seg mellom menneske, til dømes ved direkte kontaktsmitte eller ved smitteoverføring gjennom luft og vatn

Det er viktig å vere klar over at mikroorganismar er levande og kan formeire seg raskt dersom dei har gode vekstvilkår. Samtidig kan risikoen for smitte vere stor sjølv med små mengder levande mikroorganismar.

Bedriftshelsetenesta bør bidra

Arbeidsgivaren bør få hjelp av nokon i bedriftshelsetenesta som har kompetanse om smittefare. Arbeidet med å vurdere risikoen for eksponering og resultata av dette arbeidet skal kunne dokumenterast skriftleg.

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet