Veiviser til HMS-regelverket

Bevegelege maskindelar – vern mot fare for skade på arbeidstakarar

Arbeidsutstyr skal utstyrast med vern eller verneinnretningar for å hindre at brukarane blir skadde på grunn av fysisk kontakt med bevegelege delar av arbeidsutstyret.

Du må velje vernetiltak mot bevegelege maskindelar ut frå dei aktuelle faremomenta.

Døme på faremoment:

  • reimskiver
  • tannhjul
  • akslar
  • skjereverktøy
  • presser
  • valsar

Verneinnretningane skal anten vere fastmonterte eller bevegelege.

Verneinnretninga skal

  • vere robust og solid
  • ikkje gi årsak til nye farar
  • ikkje vere lett å flytte eller setje ut av funksjon
  • vere plassert i tilstrekkeleg avstand frå faresona
  • ikkje hindre oversikta over produksjonsprosessen
  • ikkje hindre nødvendig arbeid, slik som montering, skifting av delar og vedlikehald

I tillegg skal verneinnretningane vere utforma og innpassa i styresystemet slik at

  • bevegelege delar ikkje kan setjast i bevegelse medan dei er innanfor rekkjevidde for operatøren
  • den utsette personen ikkje kan nå inn til dei bevegelege delane når dei er sette i bevegelse
  • dei berre kan stillast inn ved ei bevisst handling, som bruk av verktøy, nøkkel osv.
  • bevegelege delar ikkje kan setjast i bevegelse, eller stansar dersom ein del av vernet ikkje er på plass eller sviktar

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet