Veiviser til HMS-regelverket

Vernetak på køyretøy og arbeidsutstyr

Der det er praktisk mogleg, skal førarplass, manøverplass eller annan arbeidsplass på køyretøy eller utstyr ha vernetak som vern mot nedfall av stein. Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å sørgje for eit slikt tak.

Vernetak krevst i desse tilfella:

  • når eit arbeidsområde ikkje er kontrollert og sikra mot steinfall eller ras
  • ved arbeid som påverkar berget og utgjer ein fare for steinfall eller ras

Arbeidsgivaren må sørgje for vernetak ved alle arbeidsoppgåver med reinsk, andre sikringsarbeid og arbeid med boring. I tillegg må arbeidsgivaren sikre arbeid som blir utførte inntil skjeringar, eller tilsvarande situasjonar der det er fare for at stein eller liknande kan falle ned.

Arbeidsutstyr som treng tak, kan vere personkorger eller arbeidsplattformer som er monterte på løftereiskapar.

Vernetaket kan vere "vern mot fallande gjenstandar" (FOPS), jf. tilvising til forskrift om maskiner.

Relevante lenker

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet