Veiviser til HMS-regelverket

Båtar

Båtar som blir brukte til landbasert verksemd, til dømes i oppdrettsnæringa, skal følgje krava i arbeidsmiljølova.

Tilsynsmyndigheiter

Båtar som blir brukte til landbasert verksemd, til dømes i oppdrettsnæringa, kjem inn under regelverket til både Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet.

Nordisk båtstandard oppfyller krava til Arbeidstilsynet

Om de skaffar ein ny båt til verksemd i havbruk, bør de krevje av båtbyggjaren at fartøyet oppfyller Nordisk båtstandard for yrkesbåter under 15 m. Det sikrar at båten er konstruert slik at han oppfyller krava i arbeidsmiljøforskriftene, under den føresetnaden at han blir brukt til det han er bygd for.

Nordisk båtstandard inneheld tryggleikskrav til mellom anna

  • flyteevne
  • ror og maskineri
  • innreiing og utrusting, mellom anna brannsikring, løfteutstyr, fortøyings- og ankerutrusting, bru- og navigasjonsutrusting
  • dimensjonering

Nordisk godkjenning av båtar etter Nordisk båtstandard kan utførast av Det norske Veritas eller av sjøfartsmyndigheitene i det landet der båten er konstruert (gjeld nordiske land).

Godkjenninga inneber at båten er nøye undersøkt av kunnige folk under konstruksjon og bygging. Det gir kunden ein ekstra tryggleik overfor båtbyggjaren, i tillegg til å sikre at forskriftskrava er oppfylte. Ei viktig side ved godkjenninga er at godkjenningsinstansen utferdar eit sertifikat for båten, som mellom anna fortel korleis båten kan lastast utan at det går ut over stabiliteten.

Dersom det ikkje finst eit slikt sertifikat eller tilsvarande dokumentasjon for båten, kan Arbeidstilsynet i samband med inspeksjonar gi pålegg om dokumentasjon av mellom anna stabilitet og tryggleik.

Arbeidsgivaren bør undersøkje om eksisterande båtar i verksemda har eit tryggleiksnivå i tråd med Nordisk båtstandard for yrkesbåter under 15 m. Ei slik vurdering kan gjerast av eit klasseselskap, ein konsulent, ein verkstad eller liknande.

Fritidsbåtar brukte i havbruk

Det hender at båtar som er konstruerte som fritidsfartøy, blir brukte i havbruksverksemd.

Dersom du skal kjøpe ein fritidsbåt til yrkesbruk, bør du sjekke om fartøyet oppfyller krava i forskrift om produksjon og omsetning mv. av fritidsfartøy. I tillegg bør du krevje dokumentasjon frå leverandøren om at båten har ein tryggleik på nivå med (ekvivalent med) krava i Nordisk båtstandard for yrkesbåter under 15 m.

Forskrift om produksjon og omsetning mv. av fritidsfartøy gjeld for fritidsfartøy mellom 2,5 og 24 meter som er produserte etter16. juni 1998. Forskrifta gjeld òg for eldre fartøy som blir importerte frå land utanfor EU/EØS-området.

Før du kjøper båten, bør du mellom anna passe på:

  • Er båten CE-merkt?
  • Har båten eit produsentskilt som opplyser om største last, største tal på personar, produsentnamn og konstruksjonskategori?
  • Har fartøyet identifikasjonsnummer på skroget?
  • Følgjer det med brukarhandbok (bruksrettleiing)?
  • Har båten samsvarserklæring?
  • Kva for konstruksjonskategori har båten? (Sjå forklaring nedanfor.
  • Passar konstruksjonskategorien for din bruk av båten?

Det er viktig at du undersøkjer om konstruksjonskategorien passar for din bruk av båten. Konstruksjonskategorien fortel kva vindstyrke og bølgjehøgd fartøyet er konstruert for å tole. Produsentar av fritidsbåtar skal oppgi konstruksjonskategorien for båten, og har dermed gitt ein garanti for kva vêrtilhøve fartøyet kan operere i.

Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk med relevans for havbruksverksemd (oppdrettsnæring i sjøen):

1. Sjødyktigheitslova (lov 9. juni 1903 nr. 7) med tilhøyrande forskrifter krev at skip over 15 meter skal vere kontrollerte. Reiaren/føraren er til kvar tid ansvarleg for at lova blir følgd.

Fartøy under 15 meter som blir brukte i næring, kan til kvar tid bli kontrollerte av sjøfartsmyndigheitene.

2. Forskrift om laste- og losseinnretninger på skip av 17.1.1978 krev sertifisering og periodisk kontroll av laste- og losseinnretningar utført av ein autorisert verkstad eller ein sakkunnig person som er godkjend av Sjøfartsdirektoratet. Forskrifta gjeld utstyr om bord i fartøy uansett storleik i bruk ved kai, i hamn eller i innelukka farvatn.

For kraner som skal brukast i ope farvatn, kjem forskrifter om dekkskraner mv. til bruk på borefartøy til bruk.

3. Forskrift av 11. desember 1981 nr. 3807 om minstealder mv. for fører av visse maskindrevne fartøyer under 25 reg.t. brutto (= 15 meter) kjem til bruk på fartøy med fart høgare enn 10 knop, motoryting større enn 10 HK eller lengd på over 8 meter. Føraren skal vere fylt 16 år og ha nødvendig ferdigheit i bruk av båt. Det er eigaren eller den som rår over fartøyet, som har ansvar for å forvisse seg om at føraren har nødvendig ferdigheit.

Regelverket til Arbeidstilsynet:

Arbeidstilsynet ser på havbruksverksemd som ei i prinsippet landbasert verksemd, og arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter kjem difor til bruk.

I denne samanhengen er desse rammeforskriftene med grensesnitt til sjøfartslovgivinga særleg aktuelle:

1. Forskrift om maskiner, best. nr. 522. Denne forskrifta rettar seg mot produsentar av maskiner og krev at produsentane ved CE-merking dokumenterer at dei grunnleggjande tryggleikskrava i forskrifta er oppfylte. Det omfattar i praksis også stabilitet og sjødyktigheit.

2. Forskrift om utførelse av arbeid, kapittel 10. Krav til bruk av arbeidsutstyr

3. Arbeidsmiljø og sikkerhet i havbruk (brosjyre frå arbeidstilsynet.no)

Det er difor naturleg at Arbeidstilsynet har eit totalansvar og fører tilsyn med at havbruksverksemder etterlever krava i arbeidsmiljølova og legg Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk til grunn for tryggleikskrav som gjeld sjødyktigheit.

Fasilitetane på båten

Flytande anlegg er ofte lokaliserte til område som stiller særleg store krav til båtar. Ein båt som blir nytta som fôringsbåt eller arbeidsbåt (ikkje transportbåt), må ha eit nødvendig oppvarma pauserom, der arbeidstakarane også kan ete maten sin. Det må vere mogleg å lage mat og vaske seg, og det må vere toalett.

Båten må elles ha godkjend redningsflåte (jf. reglane til Skipskontrollen), redningsvestar til det største moglege talet på arbeidstakarar om bord og livbøye med livline. Det skal vidare vere nødvendig arbeidslys, både for arbeid om bord og på merdar, og signallys.

Båten skal ha nødvendig kommunikasjonsutstyr, som VHF eller ei form for samband med open kanal til land for å varsle ulykke. I tillegg må du sørgje for at båten har nødvendig førstehjelpsutstyr og handsløkkingsapparat.

Stabilitetsdokumentasjon

Båtar som er knytte til oppdrettet, skal ha tilgjengeleg dokumentasjon om stabilitetsberekningar, lasteevne og kor mange personar det er tillate å ha om bord.

Ved montering av utstyr og liknande som endrar stabiliteten til båten, må det utførast ei ny stabilitetsprøve. Sjå eigne krav om montering, sertifisering og bruk av arbeidsutstyr.

Kran i båt – reglane til Sjøfartsdirektoratet

Ein kran som blir brukt i båt i havbruksverksemd, skal oppfylle krava i forskrifta frå Arbeidstilsynet om utføring av arbeid. Det inneber mellom anna at krana skal vere kontrollert av ei sakkunnig verksemd, og at brukaren skal ha dokumentert tryggleiksopplæring.

Arbeidstilsynet godtek at sakkunnig kontroll av kran i båt i havbruk blir utført i tråd med Sjøfartsdirektoratet si forskrift om laste- og losseinnretningar på skip. Forskrifta gjeld for skip og båtar uansett storleik.

  • Arbeidstilsynet krev likevel at den årlege kontrollen av krana blir utført av ein sakkunnig person og ikkje av båtføraren, slik forskrifta frå Sjøfartsdirektoratet elles opnar for.

Forskrift om laste- og losseinnretninger på skip har mellom anna desse krava til laste- og losseinnretningar:

  • Før du tek i bruk innretningane, skal dei vere prøvde og kontrollerte av ein sakkunnig person som er godkjend av Sjøfartsdirektoratet.
  • Innretningane skal inspiserast minst éin gong årleg.
  • Innretningane skal gå igjennom ei inngåande undersøking og prøving kvart femte år.

Ettersyn og undersøking av laste- og losseinnretningar skal førast inn i ei kontrollbok.

Det årlege ettersynet skal utførast av ein sakkunnig person, som også fører inn konklusjonen i kontrollboka. Kontrollboka/kranboka skal vere utforma i tråd med internasjonale normer.

Den femårlege inngåande undersøkinga skal gjerast av ein autorisert verkstad eller ein kvalifisert verkstad. Dette er verkstader som er godkjende av Sjøfartsdirektoratet.

 

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet