Metallskrap kan innehalde stoff som er uønskte i miljøet. Det er viktig at verksemder som driv i returmetallbransjen, er kjende med regelverket, slik at dei mellom anna sorterer ut bilbatteri, hydraulikkolje og motorolje.
– Vi kontrollerer at verksemdene som handterer returmetall, driv i samsvar med lover og forskrifter. Det er viktig at dei ikkje skadar miljøet, seier avdelingsdirektør Ingunn Midttun Godal i Klima- og forureiningsdirektoratet.
Dersom forureiningsmyndigheitene oppdagar avvik frå regelverket, krev vi at verksemdene rettar opp forholdet innan ein gitt tidsfrist. Alvorlege brot medfører politimelding.
Farleg avfall blant metallskrapet
– Delar av metallskrapet kan vere farleg avfall. Det skal oppbevarast slik at det ikkje kan skade menneske og miljøet. Farleg avfall skal innan ein viss frist leverast til ein godkjend innsamlar eller mottakar, seier Ingunn Midttun Godal.
Dersom verksemdene får farleg avfall frå kundane sine, må dei ha løyve til det frå Fylkesmannen.
Spørsmål kan rettast til:
Klif:
aksjonsleiar Tone Line Fossnes, seksjon for kjemikalie- og produktkontroll
telefon: 22 57 36 93, e-post:
toneline.fossnes@klif.no
seksjonssjef Bjørn Bjørnstad, seksjon for industri- og offshorekontroll
telefon: 22 57 36 64, e-post:
bjorn.bjornstad@klif.no