– Dei ti største byane og fem store industrikommunar er omfatta av miljøvernmyndigheita sin handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Her kartlegg ein både forureining i jorda og om det er brukt CCA-impregnert trevirke rundt sandbasseng og sandkassar, seier avdelingsdirektør Marit Kjeldby i Klima- og forureiningsdirektoratet.
Klif støttar kommunen med pengar
– Vi støttar oppryddinga i forureina jord ved barnehagar og leikeplassar i Bergen og dei andre kommunane med 30 prosent av kostnadene. I fjor fekk Bergen 2,5 millionar kroner; no får dei nye 3,1 millionar kroner for å gi barna tryggare omgivnader, seier Marit Kjeldby.
Oppryddinga i barnehagane og ved leikeplassane skal vere gjennomført i løpet av hausten.
Ryddar opp i 170 barnehagar i Bergen
Det må setjast inn tiltak ved til saman 170 barnehagar og fire leikeplassar i Bergen.
Forureina jord må skiftast ut ved 94 barnehagar og to leikeplassar.
119 barnehagar og tre leikeplassar må skifte ut CCA-impregnert tremateriale rundt sandkassar eller sandbasseng. Her skal trevirket erstattast med andre materiale som ikkje inneheld krom og arsen.
Spørsmål kan rettast til:
seksjonssjef Pål Spillum, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
telefon: 22 57 35 20, e-post:
pal.spillum@klif.no rådgivar Kine Martinsen, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
telefon: 22 57 36 91, e-post:
kine.martinsen@klif.no