Samarbeid mellom fire etatar
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Stavanger er eit samarbeid mellom fire etatar: Arbeidstilsynet, politiet, Skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI).
- Kvar etat har eigne oppgåver i klargjering og utsteding av dokument, slik at utlendingar skal kunne jobbe lovleg i Norge. Politiet har ansvar for å ta i mot og handsame søknadar om opphaldsløyve, medan Skatteetaten har ansvar for skatt og folkeregistrering. Arbeidstilsynet si oppgåve er å gje informasjon om rettigheter og plikter i norsk arbeidsliv, opplyser Kristin Tøllefsen. Ho er tilsett som leiar for det nye servicesenteret .
Språksterke tolkar
Servicesenteret i Stavanger blir bemanna på brei basis. Mellom anna vil to språksterke tolkar bidra til at språkproblem i stor grad vert eliminert.
- Vi satser på å møte språkutfordringar knytta til polsk og engelsk. Men tolkane kan også andre språk, som t.d. russisk og litauisk, seier Kristin Tøllefsen. - Mange utanlandske arbeidstakarar kjem til Rogaland. SUA skal i alle høve bidra til rask handsaming av søknadar frå denne relativt store gruppa.
Nye fleirspråklege brosjyrer – og eiga nettsideI samband med etablering av Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Stavanger, er det utarbeidd ei ny brosjyre på norsk, engelsk og polsk. Senteret har dessutan eiga nettside:
www.sua.no
Les meir: