Veiviser til regelverk for virksomheter

Nye reglar for omsetjing av røykvarslarar

Frå 1. august må røykvarslarar på den norske marknaden vere i samsvar med ein europeisk produktstandard. Den norske godkjenningsordninga for røykvarslarar er oppheva.

Forhandlaren har ansvaret

Du kan framleis selje røykvarslarar som er godkjente etter den tidlegare norske ordninga. Som forhandlar har du ansvaret for at røykvarslarane de sel, er produsert i tråd med regelverket.
 

Som forbrukar kan du kontrollere om røykvarslaren du kjøper er i tråd med regelverket:

 
  • Om røykvarslaren er CE-merka og med referanse til NS-EN 14604, er den i tråd med den europeiske standarden.
  • Om produktet ikkje er CE-merka, kan du be seljaren dokumentere at den europeiske standarden er følgt.
  • Røykvarslarar som er godkjent av den tidlegare norske ordninga, skal vere merka med ”DSB 235” pluss eit tre- eller firesifra nummer.

Les meir:


Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet