Eksisterande produkt
Overgangsordninga for eksisterande produkt omfattar prosesserte/tilverka genmodifiserte produkt det før ikkje var godkjenningskrav for: fôrvarer og tilsetjingsstoff til fôr, samt aroma- og tilsetjingsstoff til næringsmiddel.
Det blei gitt ein frist til 15. mars 2006 for innmelding av aktuelle produkt til Mattilsynet. Det blei ikkje meldt inn nokre næringsmiddel. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening meldte inn 24 ulike genmodifiserte fôrmiddel av mais, oljeraps, bomull og soya.
Fem av fôrmidla som blei meldte inn etter norsk regelverk, er no berre delvis tillatne i EU av di det ikkje er sendt inn fornya søknad til desse i EU og overgangsordninga i EU er gått ut. Desse fem fôrmidla vil frå dags dato heller ikkje vere tillatne i den norske marknaden.
Mattilsynet har vore i kontakt med både fiske- og landdyrfôrbransjen og fått vite at dei ikkje er interesserte i å nytta genmodifisert materiale.
Nokre fôrmiddel (sjå liste på nettstaden til Mattilsynet) fell inn under overgangsordninga og er tillatne å omsetje i den norske marknaden fram til 15. september 2008. Føresetnaden for bruk av desse er at produkta skal merkast som genmodifiserte.
Om nokon ynskjer å marknadsføre desse produkta ut over overgangsperioden, må ein søke Mattilsynet om ordinær godkjenning innan 15. september 2008.
0,5-prosent-regelen
0,5-prosent-regelen omhandlar unnatak frå godkjenningskrav for genmodifisert materiale i fôrvarer og næringsmiddel dersom GM-materialet er utilsikta til stades opp til 0,5 prosent og er risikovurdert og funne trygt med omsyn til helse.
Overgangsregelen i EU gjekk ut 18. april 2007, medan den norske ikkje har nokon tidsavgrensing. Det norske regelverket vil difor no strammast inn slik at 0,5-prosent-regelen blir sletta.
Endringa skal sendast på ei seks veker lang høyring om kort tid. Etter det Mattilsynet kjenner til, er det i dag ingen aktuelle produkt i den norske marknaden.
Les meir: