Veiviser til regelverk for virksomheter

Mange merknader for små vassverk

Små, private vassverk kom dårlegast ut av ei regional tilsynskampanje i Rogaland og Agder-fylka.

Smått er ikkje alltid godt. Det viser ei undersøking som blei gjennomført i Rogaland og Agder-fylka i perioden juni-oktober i år. Kampanjen viser at over halvparten av dei undersøkte vassverka har eit eller fleire klare avvik frå drikkevassforskrifta.
 
Dei ikkje godkjenningspliktige vassverka har fleire avvik enn dei godkjenningspliktige. Og dei private vassverka har fleire avvik enn dei kommunale. Manglande internkontroll og beredskapsplanar og manglande desinfeksjon og plan for vassanalysar er dei vanlegaste avvika.
 

Unødig risiko for sjukdom

Mange merknader betyr ikkje at vatn frå vassverka med klare avvik automatisk er helseskadelig. Men disse vassverka utsetter konsumentane for unødig risiko når dei ikkje har forskriftsmessig styring og kontroll over verksemda.
 
Les meir:
 
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet