Leiketøyet blir nå fjerna frå marknaden over heile verda. Om barn et desse perlene, kan dei utvikle symptomar som døsigheit og svimmelheit, og dei kan miste medvitet.
Levér Bindeez-perlene i butikken
Om du har kjøpt desse perlene, bør dei ikkje brukast. Du kan returnere dei til næraste BR-Leker- eller TOYS”R”US-butikk.
Det er danske Top-Toy som er leverandør av perlene til den norske marknaden gjennom butikkane TOYS"R"US og BR-leker.
Onsdag 7. november stansa Top-Toy alt sal av perlene i dei norske butikkane, og dei oppmodar kundar som har kjøpt Bindeez til å returnere perlene til næraste butikk.
Les meir: