Veiviser til HMS-regelverket

Støy fra industri og annan type verksemd

Det kan stillast krav til tillatne støynivå for verksemda di. Krava kan innebere at de må gjennomføre støyreduserande tiltak.

Forureiningsmyndigheitene kan krevje at verksemda di reduserer støy, til dømes ved å stille spesifikke krav til tillatne støynivå ved næraste nabohus. Forureiningsmyndigheitene stiller normalt ulike krav til støynivå for dag, kveld og natt og kan også stille krav om avgrensa driftstid for ulike aktivitetar. Krava blir stilte gjennom løyve til den enkelte verksemda.

Forutan enkeltkrav til bedrifter etter forureiningslova stiller forureiningsmyndigheitene krav til innandørs støy i samsvar med forureiningsforskrifta. Desse krava er mest aktuelle for samferdselssektoren, men kan òg vere aktuelle for industribedrifter der støynivået er høgt.

Kommunen kan også stille krav

Kommunen er planmyndigheit og kan gjennom plan- og bygningslova (PBL), stille krav til støynivå i reguleringsplanar. Det er utarbeidd eigne retningslinjer (T-1442) for behandling av støy i arealplanlegging. Kommunen kan gjennom reguleringsføresegner etter PBL § 12 - 7stille juridisk bindande støykrav til tiltakshavarar.

Industriverksemd må også følgje gjeldande støyreglar i teknisk forskrift (”byggjeforskrifta”).

I Veiviser til støyregelverket på nettstaden miljodirektoratet.no finn du meir om aktuelt regelverk som gjeld støy.

-

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet